Rekneskap og rådgiving

Sparringspartnaren din i medvind og motvind

 

Vi er den naturlege rådgivaren og sparringspartnaren din både i medvind og motvind. Om sola speglar seg i vassoverflata eller det stormar på toppane – vi gir deg gode råd. Vi er pålogga, frampå – og følgjer med for å gi dei beste råda og løysingane til deg og bedrifta di.

I medvind og motvind – rådgod

 
 
 
Fjord Regnskap_150621_Anunatak_WEB-46.jpg
 
 

Økonomitenester for deg

Den viktigaste oppgåva vår er å ta vare på dei behova bedrifta di har for rekneskap, løn og rapportering. Vi kan ta hand om heile eller delar av rekneskapen din. Uansett skal du vere trygg på at rekneskapen din er påliteleg og held høg kvalitet. Vi er ein totalleverandør av økonomitenester.

 Rekneskapen er eitt av dei viktigaste styringsverktøya dine. Vi gir deg råd, og vi gir deg innsikt og informasjon så du kan ta gode avgjerder i bedrifta di – i medvind og motvind.

Digital økonomistyring gjer det enkelt for deg å følgje utviklinga i bedrifta di. Du har tilgang til rekneskapen uansett kvar du er, samtidig som du reduserer papirbruken. Som sertifisert Miljøfyrtårn-bedrift er vi opptatt av å redusere kimaavtrykket vårt og bidra til å skape eit berekraftig og engasjerande samfunn.

Tenestene våre

 

Vi tilbyr digital rekneskap, som gir deg heilskapleg oversikt over økonomien og god styring i kvardagen.

 

Vi er samarbeidspartnaren din for løn og personal. Teamet vårt med solid kompetanse gir deg bistand av høg kvalitet.

Vi har lang erfaring med å utarbeide årsoppgjer, likningspapir og skattemelding. La oss ta årsoppgjeret for deg.

 

Vi har brei erfaring frå ulike typar selskap og bransjar. Anten du driv eit selskap eller har planar om å starte opp: Vi hjelper deg gjerne.

Vi kan landbruk. Kombinasjonen av rekneskaps- og landbrukskompetansen vår utgjer grunnlaget for god rådgiving.

 

Skatteetaten sine fristar for bedrifter